Områdeutvalet (brukarutval)

Områdeutvalet er Nav hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen sitt forum for samarbeid med alle brukarorganisasjonane.

Områdeutvalet gjer brukarane høve til å delta i drøftingar og gje råd og innspel for å utvide sentralen sitt grunnlag for avgjersler. På den måten kan organisasjonane bidra til at Nav leverer stadig betre tenester.

Retningslinene for Områdeutvalet er basert på dei sentrale retningslinene for brukarmedverknad i Nav. Brukarmedverknad skal gje brukarrepresentantar høve til å vere blant premissleverandørane ved fastsetting av praksis på systemnivå. Områdeutvalet har ikkje avgjerdsrett.

Områdeutvalet sine oppgåver

  • Gje råd i spørsmål som gjeld hjelpemiddelsentralen sine vegval, satsingsområde, prioriteringar, verksemdsplanar og konkrete tiltak retta mot sentralen sitt tilbod til brukarane.
  • Fungere som erfaringsbank og ressursinstans når det gjeld opplevd service.
  • Fungere som rapportør av faktiske og særleg utilsikta verknadar av regelverk og rutinar.
  • Ta initiativ til samarbeids- og informasjonstiltak som brukarane ser behov for.
  • Vere kanal for gjensidig openheit og utveksling av informasjon som er viktig for brukarane.

Møteplan 2026

  • fredag 6. mars
  • fredag 29. mai
  • fredag 30. oktober

Under Relatert innhold ligg møtereferat og retningslinjer.